Vinjars øvingstips

1. Sørg for at du alltid har noke gøy å øve på, då er det lettere å halde motivasjonen oppe. Det er mange ting som kanskje ikkje er like gøy og øve på, men som må øves på likevel. Då er det viktig å putte inn noke i øvingsøkta som er artigt og. Finn ut kva som motiverer deg til å øve og snakk med læraren din om dette.

2. Skaff deg forbilder på instrumentet ditt eller på andre instrument. Leit opp innspelingar på spotify, youtube eller lignande.

3. Høyr masse på musikk i alle sjangre! Lytt gjerne til musikken aktivt, finn ut kva som er bra med akkurat denne musikken.

4. Lytt på innspelingar av stykker du speler på enkelttimer og på samspel medan du ser i notene

5. Gi komplimenter til andre når du synes dei speler bra!

6. Gå på konserter, gjerne korpskonserter/brassbandkonserter. Å høyre flinke folk spele kan gjere underverker for motivasjonen, og når ein høyrer mykje på flinke folk danner hjernen seg eit bilete på korleis det kan låte som det blir lettare å reprodusere sjølv.

7. Foreldre: følge opp øving heime. Motiver til øving og hjelp til med øvingen der de kan hjelpe. Kom gjerne på speletimer for å sjå kva som jobbes med, då blir det lettare å følge opp øvingen.

8. Det er betre med mange korte økter enn få lange. Prøv å finne tid til å øve kvar dag, om det så berre er 5 minutt. Ein har som regel tid til å øve, det kan være seg ei kort pause frå leksene eller å ta fram instrumentet og øve i ei reklamepause på TV-en.

9. Når de kjem heim frå speling: pakk opp instrumentet og la det stå framme. Då senkes terskelen for å øve.

10. Den beste tida å øve på er rett etter spilletime. Det er då ein husker best kva ein jobba med på timen, og øvingen blir meir effektiv.

11. Kurs som NMFs sommerkurs og Korpsnetts sommerkurs er svært lærerike og er bra motivasjonsboost.

12. Øv sammen! Ta gjerne med instrumentet neste gong du skal på besøk til kompisen/venninnen viss de begge speler i korps. Det er gøy!

13. Husk å øve på det som er vanskelig og, men øv det sakte. Å øve inn feil er veldig dumt og slike feil tar det lang tid å bli kvitt og du ender opp med å bruke meir tid på det enn du hadde trengt. Øv gjerne på dei lette notene og, men tenk då over korleis du kan spele det enno betre!

14. Tenk positivt. Gi ros til deg sjølv når du øver. Lag deg mål for øvingen din. Kor flink vil du bli?

Det er mulig å søke seg inn i ABUK og RØST som er regionskorps på høyt nivå dersom det trengs større utfordringer.
For de som er 16 år og eldre er det mulig å starte i voksenkorps/amatørkorps. Dette er en fin mulighet til å vokse som musiker og få en fin overgang til «voksenlivet». Her kreves det også ekstra øving, men det er utrolig gøy å spille med andre musikere på et høyt nivå.
På lengre sikt er det også mulig å søke seg inn på både musikklinja (vgs), HMK Garden i militæret, folkehøgskoler med musikklinjer og diverse musikkutdanninger på høyskoler/universitet.

PS! HER finner du også vaskeinstruksjon. Instrumentet bør vaskes to ganger i året. Vaskavmessinginstrument (2)